Ingredienser

715 g hvetemel
95 g sukker
34 g fersk gjær (blå)
207 g egg
197 g melk (Lett eller heil)
14 g salt
215 g Bremykt
1 g safran

Fremgangsmåte

Lag deilige luksuslussekattar med Bremykt og briochedeig.

Ha alle ingrediensar utanom saltet og 1/3 av smøret oppi ein eltebolle og elt i 10 minutt på sakte fart. Etter ti minutt, ha i saltet og elt vidare på litt høgare hastigheit til deiga er glatt og smidig – ca 10- 15 minutt. Sjekk glutennettet undervegs ved å dra litt deig mellom fingrane dine; glutennettet er godt utvikla når du kan dra deiga ut i ei heilt tynn, nesten gjennomsiktig «tyggegummiboble- aktig» hinne uten at den sprekk.

Tilsett resten av smøret, litt og litt. – Du vil no sjå at deiga slepp bakebollen og får ei «glossy» overflate. Deiga er ferdig når alt smøret er køyrt inn og er jamnt blanda.

Dekk til bakebollen og la deiga stå på kjøkkenbenken til den har blitt dobbelt så stor.

Bruk vekt og del opp deiga i like store emner på 80 gram. (Ynskjer du større eller mindre bollar kan du sjølvsagt gå opp/ ned i vekt, men ha lik vekt på alle emna)

Trill deigemna til runde bollar. Så får du to valg: ynskjer du å lage ein slags «knute-bolle» som eg har laga, trill ein og ein bolle ut i ei passe lang pølse og form til ein «knute». – legg på bakeplater. Ein enklare, men like bra versjon er å gå for ein «skulebolle-variant», (berre uten kokos). Då legg du dei runde bollane rett på bakeplater.

Hev bollane over oppvaskkummen i tappa varmt vatn, eller på ein lun og varm plass, med kjøkkenhandle over til nesten dobbel størrelse.

Sett steikeovnen på 210 grader.

Trykk bollane litt ned på midten der vaniljekremen skal vere, og fyll vaniljekrem i gropa. Hev bollane vidare til dei har fått dobbel størrelse. Pensl bollane med egg og steik midt i ovnen i +/ - 9 minutt. (størrelsen på deigemna avgjer steiketida) Bollane skal vere gylne og fine i fargen både over og under, og med en fin lys hinne rundt kanten.

 

Oppskrift av Baker- og konditorlandslaget.