Ingredienser

100 g Bremykt
500 g sukker
200 g glykose
4 dl kremfløyte
150 g kvit sjokolade
1/2 vaniljestang
1 ts maldonsalt 

Fremgangsmåte

Veg opp alle ingrediensar utanom kvit sjokolade og maldonsalt i ein litt stor kjele og sett på kok. Rør litt hyppig i starten til alt er smelta saman og deretter berre med jamne mellomrom for å sørge for at karamellen ikkje brenner seg i botn. Veg opp kvit sjokolade og maldonsalt og sett til side, og finn fram eit termometer. 

Karamellen skal putre og koke til temperaturen viser 118 grader. - dette tar litt tid, så ha litt tolmodighet :)

Ved 118 grader, hell karamellen over i ei kjøkkenmaskin med grind og sett maskina på sakte fart. Tilsett den kvite sjokoladen og maldonsalt. Du vil sjå at karamellen i starten er blank og mørk på farge, for så å bli blass/matt og lysare i fargen når den blir til fudge.

Rør karamellen på sakte fart i maskin heilt til du tydeleg ser at massen er lysare, tjukkare og meir luftig og heilt blass/matt i fargen. - dette tar også litt tid.

Med litt forsiktigheit (fudgen er framleis varm!) fordel i ei rektangulær form og sett til avkjøling. Når fudgen er kald kan du kutte den i fine klassiske fudge- terningar. 

Oppskrift av Baker- og konditorlandslaget.